Skulebakken på Bakkatun ved Bømoen er klubben sin faste treningsbakke for elevar og pilotar. Her kan ein øve på bakkekontroll, grunnleggjande opplæring og låge treningshopp.
- Område: Bømoen / Bakkatun ved lokala til Voss fallskjermklubb.
- Føremål: Opplæring og eigentrening for klubben sine pilotar utanom kurs.
- Sesong: Vår, sommar og haust. Ta særleg omsyn til vekstsesongen.
Klubben har ei langvarig avtale med lokale grunneigarar. Alle pilotar må følgje desse reglane:
- Bakken kan brukast fritt når graset er nyslått og kort.
- Når graset er høgt og fram til slåtten, er aktiviteten avgrensa for å unngå å trakke ned avlinga.
- Er du usikker på om bakken er open, kontakt dagleg leiar: malene@vosshpk.no.
- Hovudbakken (merkt A): Klubben kan bruke dette faste treningsområdet, men ta omsyn til høgt gras før slåtten.
- Område B, C og D: Kan berre brukast når dette er avtalt særskilt med grunneigaren, til dømes i samband med kurs.
- Ikkje parker på gardstuna til naboane.
- Ikkje køyr eller parker ute på grusvegen.
- Parker på den merkte parkeringsplassen ved Voss fallskjermklubb på Bømoen. Gå derfrå til bakken.
Ta med søppel, tape, plast og snorer. Lat bakken vere like rein som då du kom.
Skulebakken ligg nær klubbhuset på Bømoen, Flyplassvegen 135. Der lagrar klubben skuleutstyr og held teorikurs.